Over 150 menneske er meldt omkomne og fleire sakna etter at delar av Spania vart råka av ein storflaum tysdag, ifølgje The Washington Post.
Ifølgje NRK er det områda Malaga, Murcia og Valencia som er hardast råka av storflaumen, som er den verste på fleire tiår.
I løpet av åtte timar tysdag, fall det like mykje nedbør som det vanlegvis kjem i løpet av eitt år, skriv Reuters.
Menneske måtte søkja tilflukt på tak for å sleppa unna vassmengdene, før dei vart redda.
Mange er utan straum eller har måtte flykta frå heimane sine, som er fulle av vatn og leire. Flaumen har òg gått hardt ut over avlingane til sitrusbønder i området.