– Ne-i, er det ikkje husa som har utelampa på me skal gå til? spør Simon.
– Ha – llo! Seier eg. -Kva er skumlast? På eller av?
– Av, nikkar Abdi. Abdi er ein mumie surra inn i tre tørkerullar, og det dryp leikeblod frå Frankenstein-kostymet til Simon.
– Lett som eit pledd, seier eg, medan det sjokkgrøne lakenet mitt sig bakover. Eg dreg det fram, slik at eg ser ut gjennom hola eg har klipt til auge.
– Men. seier Simon.
– Då vert det huset til Ågot-lærar fyrst. Mmmarsj! kommanderer eg og viftar strengt med putetrekket eg skal sanka godteri i.
Me høyrer bjeffinga lenge før me når fram til porten.
– Kor mange hundar har ho, eigentleg? Spør Abdi og fiklar med tørkerull-erme sitt.
– Minst tjue, seier eg. – Det er difor ho har så god plystr.
Nokon romsterer i gangen.
– Sjekk, kviskrar eg. – Ekte edderkoppar og fugleskit! Ågot har verkeleg.
Brått fyk døra opp. Ein låg skapning med agurkar under auga og slim i ansiktet kjem ut. Slimet renn nedover ei utvaska morgonkåpe. Simon gispar.
– Kven vågar å uroa meg midt i Fra bølle til bestevenn, snerrar stemma til Ågot.
Eg dunkar tørkerull-mumien og den skjelvande Frankenstein-en i sida.
– Knask eller kne-ep? seier me.
– Er de heilt blinde?! ropar Ågot.
– Det kan du trygt sei, seier eg og heiser hola i lakenet tilbake til augehøgd.
– Makan! seier Ågot og smell døra igjen.
– Då blir det vel knep? seier eg lågt.
Ågot riv døra opp igjen.
– Petrine – eg veit det er deg – ikkje prøv på noko tullball! seier slimansiktet.
– Queen Petrine, rettar eg, i det døra smell igjen for andre gong.
– Eg kjem til å få mareritt, fniser Simon.
– Kom, seier eg. – Me tek hagen.
Stille som tre elgar på jakt listar me oss rundt huset. Hagen er mørk som i ein lukka fryseboks, og luktar merkeleg på ein dårleg måte.
– Kva gjer me med dei livsfarlege hundane? spør Abdi med skjelven stemme.
– Æsj, dei … Meir får eg ikkje sagt, før noko digert hoppar på meg. Eg fell baklengs ned i seig og stinkande hundebæsj!
– Hjelp! ropar eg. Simon rekker meg handa, men eit beist deiser han òg i bakken. Lakenet mitt heng fast under han. Bjeffinga vert høgare og høgare, og eg høyrer pesing over alt. Abdi hyler og hundekjeftane dreg av ein halv tørkerull. Ein plystrelyd skjær i øyra, og brått er dyra vekk. Simon reiser seg, og dreg meg og lakenet opp frå hundedoen.
– Nuske-snuskane mine, kva gjer de? seier Ågot med søt babystemme.
Me stivnar.
– Nommen, vesle fjomsane, seier ho og ristar på ein boks. Ho snakkar jo til oss, men kvifor ser ho oss ikkje?
– Tusen takk, snille Ågot, ropar eg, triv boksen og legg på sprang.
Gutane halsar etter.
– Drep! høyrer eg Ågot gaula bak oss.
– Dei vil eta oss levande, hikstar Simon.
Me beinar bort til næraste hus, sjølv om dei har utelampa på.
– Slepp oss inn, dei drep oss! ropar Abdi.
Døra går opp, og ein heksefamilie stirer på oss. Dei grønmåla fjesa nikkar til kvarandre.
– Ein – to–tre, seier dei i kor og trykker på ein knapp.
Tusenvis av små gullflak dalar frå taket.
– Gratulerer! De er definitivt dei mest skremmande i kveld, seier mora.
Faren fyller bøttene og det bæsje-flekkete putetrekket mitt med godteri.
– Beista, seier eg. – Dei skal ta oss!
– Slutt no. De vann, seier mora.
– Eg trur me slår av lyset. No har me ikkje meir å dela ut, seier faren.
– Bra innsats ungar!
Døra glir igjen og utelampa sløkker. Ein rar stank fylgjer etter meg medan me traskar heimover.
– Årets kostyme går til Queen Petrine; Den stinkande hulken full av hundebæsj, seier Simon og held seg for nasen.
– Tørkepapir, anyone? gliser Abdi og svingar tørkerull-armen.