Draumen om safari: – Eg har aldri vore på ferie

Desse barna drøymer om å sjå ville dyr på ekte. For mange av dei ville ein safaritur vore den aller første ferien i livet deira.

Fem fakta om Tanzania:
  • Ligg i Aust-Afrika og grensar til land som Kenya, Uganda og Mosambik, og har kyst mot Indiahavet.
  • Har Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro (5895 moh.).
  • Hovudstaden er Dodoma, medan Dar es Salaam er den største byen.
  • Offisielt språk er swahili, og engelsk blir også mykje brukt.
  • Har over 60 millionar innbyggjarar og er eit av dei mest folkerike landa i Afrika.

Dette er flagget til Tanzania:

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

I Tanzania finst det ei gruppe kvinner som blir kalla Uhuru Mamaene. Dei jobbar saman for å skapa eit betre liv for seg sjølve og barna sine, mellom anna gjennom handarbeid og ved å støtte kvarandre.

Mange av familiane er svært fattige, og barna har ofte få moglegheiter til å reise eller oppleva nye ting. For mange av dei er ein safaritur berre ein fjern draum, men no har denne gruppa bestemt seg for at draumar kan bli verkelege dersom ein jobbar mot dei. No har dei starta ein innsamlingsaksjon for å klare og nå målet om å reise på safari.

Ratifa Juma (15). Foto: Solfrid Raknes

Ratifa Juma (15) smiler når ho snakkar om draumen om safari. Ho seier at ho aller helst vil sjå elefantar.

– Eg hadde elska det, seier ho.

Ho har sett dei før, men ønskjer å oppleva det igjen.

– Det ville gjort meg glad.

Fri og glad

Sada Hamisi (16) til høgre i bildet. Foto: Solfrid Raknes

Sada Hamisi (16) likar å vera kreativ. Ho teiknar blomar, syr, og seier aldri nei til litt sladder med gode venner. Ho fortel at ho ofte sit heime og kjedar seg, og at ho aldri har vore på ferie.

– Eg har veldig lyst til å sjå hyenar, gepardar og gorillaer, seier ho.

For henne handlar draumereisa om meir enn berre dyr.

– Eg vil kjenna meg fri og glad.

Luka Hesau (13) spelar fotball i skulegarden og likar å vera saman med venner. Han har vore i ein dyrepark ein gong, men har aldri sett ville dyr i naturen.

– Eg hadde elska å sjå løver, elefantar og leopardar, seier han.

Han ser også for seg sjølve reisa.

– Eg trur eg ville følt meg glad og spent på å reise på safari med buss.

Luka Hesau (13). Foto: Solfrid Raknes

Betyr noko ekstra

Lucy er mora til Alberto (15), som har lærevanskar. Ho jobbar kvar dag med å laga korger og sy for å få endane til å møtast. Ho fortel at sonen hennar elskar dyr, spesielt når han ser dei på TV.

– Han peikar og ropar kva dyr det er, seier ho.

Men han har aldri sett dei i verkelegheita.

– Eg trur han ville blitt veldig, veldig glad, seier ho.

Ho legg til at ho sjølv aldri har vore på ferie.

Lucy er mora til Alberto (15). Foto: Solfrid Raknes

Spør om safari

Harriet Kabende er mora til Marta (15), som både har lærevanskar og ei fysisk funksjonsnedsetjing kalla cerebral parese. Cerebral parese er noko ein blir fødd med, eller får tidleg i livet, på grunn av ein liten skade i hjernen. Skaden påverkar korleis hjernen sender signal til kroppen, og gjer det vanskelegare å kontrollera musklane.

Harriet Kabende er mora til Marta (15). Foto: Solfrid Raknes

Ho fortel at dottera ofte spør om safari.

– Ho spør: «Har du pengar så eg kan reise?»

For Harriet er dette svært viktig. Ho seier at ein slik tur ville fått Marta til å kjenna seg sett og verdsett.

– Mange gonger sit ho heime utan nokon å vera saman med, seier ho.

Å sjå dyr i verkelegheita, høyra løver og vera ute i naturen ville vore heilt spesielt.

– Det ville vore noko ho aldri kjem til å gløyme.