Stormen med namnet Trami trefte Filippinane førre veke. Kraftig regn førte til jordras og flaum som har tatt livet av mange menneske og øydelagt bygningar og vegar. Fleire familiar er evakuerte.
Redd Barna skriv at stormen har forstyrra skulegangen til meir enn 90 prosent av barna på Filippinane. Det betyr at meir enn 19 millionar barn ikkje får gå på skulen som vanleg.
Redd Barna arbeider med å hjelpe barna som er råka av stormen ved å mellom anna starte opp mellombels, trygge lærestader.