Puppe
- Puppe er eit stadium i utviklinga hos mange insekt.
- I puppestadiet utviklar ei larve seg til eit vakse insekt.
- Sommarfugl er døme på eit insekt som først er larve, så puppe, før det bryt ut av puppa som ein sommarfugl.
- Mange insekt i puppestadiet er beskytta av ein kokong – eit beskyttande hylster.
- Pupper kan ligge på bakken eller henge i til dømes plantar, tre og på vegger.
Kjelde: Store norske leksikon
Ein dag Aksel leika i barnehagen, enda han med å falle inn under ein busk.
– Då eg skulle prøve å komme meg ut, såg eg ei gigantisk grøn, lilla, kvit og oransje larve.

Ho var tolv centimeter lang og hadde ein pigg på rumpa, fortel Aksel ivrig.
Aksel syntest larva likna pokémon-karakteren Larvitar, men det skulle vise seg å vere ei ligustersvermar-larve han hadde oppdaga. Det er Noregs største larve og sommarfuglart.
Kvart år sidan har han forsøkt å finne larva. Det har han ikkje lukkast med før i år.
Sommarfuglar og larver
Sjølv om han ikkje har funne favorittlarva igjen før no, har Aksel sidan episoden i barnehagen studert andre larver og sommarfuglar, i tillegg til insekt som biller, augestikkarar og andre småkryp.

Gjennom åra har Aksel samla på utstoppa sommarfuglar, og no har han ei stor samling med artar både frå Noreg og utlandet.
– Eg tek berre ei jente og ein gut av kvar art, for å gripe minst mogleg inn i naturen, forklarer Aksel.

Han driv òg med larveoppdrett av artar han synest er fascinerande.
– No har eg fleire hundre ligustersvermarar som er i puppestadiet. Eg skal stoppe ut ei jente og ein gut til samlinga mi, og resten skal eg sleppe fri rundt om i naturen.
Synest edderkoppar er ekle
Aksel har rett nok full forståing for at folk kan synst at småkryp er ekle og skumle. Sjølv er han ikkje særleg glad i edderkoppar.
– Eg synest edderkoppar er heilt forferdelege. Eg skrik og hyler når eg møter på dei.
Likevel har Aksel respekt for edderkoppane.
– Dei er veldig viktige dyr, og vi treng dei i naturen.

Respekt for alt levande

Grunnen til at Aksel er så glad i natur og insekt, trur han handlar om at foreldra hans har
teke han med ut i naturen for å utforske.
– Då eg var liten tok mamma alltid med seg ein liten boks når vi var ute på tur. Der samla eg ulike insekt så eg kunne studere dei.
Etter å ha lært om småkryp gjennom oppveksten, meiner Aksel at ein skal behandle alle dyr – alt frå kjæledyr til insekt – med respekt og varsemd.
– Sjå på det, prøv å forstå det og tenk at dette er vennen din.