Årets TV-aksjon blei halde til inntekt for Barnekreftforeininga og deira arbeid med å bygge familiehus ved fire sjukehus i Noreg.
I år samla TV-aksjonen inn 366 millionar kroner, noko som er rekord.
– Dette er verkeleg over all forventing! No kan vi realisere draumen om å tilby familiar med alvorleg sjuke barn ein heim heimanfrå, seier Trine Nicolaysen, dagleg leiar i Barnekreftforeininga, til NRK.