Studie: Energidrikker kan resultere i biverknader

Å drikke energidrikk kan føre til ei rekkje biverknader. No er norske ekspert bekymra for auka bruk blant unge.

Biverknad

Er når noko du et eller drikk (til dømes medisin) gjer fleire ting i kroppen enn det skal. Døme på vanlege biverknader av medisin er kløe og at ein blir trøtt.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er forsking gjort på meir enn 1,2 millionar barn og unge frå 21 forskjellige land, som viser at energidrikker kan ha fleire ulike biverknader, skriv NTB.

– Eg er veldig bekymra for den kraftige auken i inntaket blant unge, seier professor Jutta Dierkes til TV2.

Forsking viser også at søvnproblem aukar blant unge. Dierkes meiner mange av dei negative biverknadene av energidrikker kan resultere i nettopp søvnproblem.

Vil ha 16-årsgrense

I mai i fjor vart Stortinget samde om at kjøp og sal av energidrikk til barn under 16 år bør bli forbode.

For augneblikket er det inga lov om aldersgrense på energidrikker. Butikkar set likevel ofte aldersgrense sjølv som kan variere mellom 14 og 18 år.