Kva bruker dei snabelen til?
Snabelen til elefantar blir brukt til å føle på ting, og å putte mat og drikke i munnen. Han kan også bli brukt som både dusj og snorkel.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Menneske er høgre- eller venstrehendte. Til liks er elefantar forskjellige når det gjeld om dei føretrekkjer å bruke høgre eller venstre side av snabelen sin, skriv The Guardian.
No viser forsking at om ein elefant har meir rynker på venstre side av snabelen sin, føretrekkjer han å løfte og skyve ting med snabelen mot venstre.
Årsaka til dette er at rynkene på høgre sida blir utviska. Dette er fordi hovudet oftare er i kontakt med bakken på den sida når elefant brukar venstre side av snabelen.
Om elefanten føretrekkjer å skyve ting til høgre med snabelen er det høgre sida som har mest rynker.
