Ventar viktig fødsel i Dyreparken

Gepardar er ein utryddingstruga art. No er Dyreparken i Kristiansand glade for at geparden deira Canelle ventar ungar innan kort tid.

Gepard
  • Utbreiing: Afrika og Iran
  • Leveområde: Savanner, busklandskap og halvørken
  • Føde: Antiloper, vortesvin, fuglar og harar
  • Vekt: 21-72 kilo
  • Levealder: 6-12 år
  • Topphastigheit: 112 km/t (verdas raskaste pattedyr)

Kjelde: Dyreparken i Kristiansand

LES FAKTALUKK FAKTA

Gepardane i Dyreparken i Kristiansand er ein del av eit program der målet er å ha ein sunn bestand med gepardar som ein reserve for framtida.

No er gepardhunne Cannelle drektig. Dette var inga sjølvfølgje, då det kan vere vanskeleg å få gepardar til å pare seg, sidan dei er kresne når dei skal velje partnar.

UTRYDDINGSTRUGA: Gepardar er ein utryddingstruga art. Foto: Dyreparken

Tre små

– Vi tok nyleg røntgenbilde av Canelle og vi kan bekrefte at ho ventar minst tre ungar, fortel veterinær Rolf-Arne Ølberg i ei pressemelding.

Det vil truleg bli fødsel innan nokre dagar.

Canelle er fem år gamal og kom frå ein dyrepark i Frankrike til Kristiansand i 2021. I tillegg til ho er det tre andre gepardar i Dyreparken.