Voksne for Barn
Ein organisasjon som har som mål at barn i Noreg skal ha ein trygg og god barndom. Dei jobbar for at barn skal ha god psykisk helse og trygge oppvekstvilkår.
Kjelde: Wikipedia
1. august 2024 blei det bestemt at elevar til og med tredje trinn får gratis SFO 12 timar i veka. I det nye forslaget til statsbudsjettet kjem denne ordninga til å fortsette i 2025.
Dette er Voksne for Barn glade for.
Misnøgd
Det organisasjonen er misnøgd med i statsbudsjettforslaget, er fokuset på klima. Voksne for Barn meiner regjeringa i større grad burde ta grep når det gjeld klima.
– Dette er ei sak som er viktig for barn og unge si framtid og her leverer ikkje regjeringa, seier generalsekretær Signe Horn til Framtida junior.
I tillegg meiner Voksne for Barn at det er sett av for lite pengar til arbeid for at barn i familiar med lite pengar skal ha det betre.