Presidenten i Venezuela, Nicolás Maduro, har bestemt at jula i år starta 1. oktober.
Offentlege bygningar er dekorerte med julelys, og offentlege arbeidsplassar får juletre.
Maduro har vore president i 11 år og er skulda for å ha juksa med valresultatet i sommar. Mange protesterte etter valet fordi dei meinte det var ein annan enn Maduro som vann. Fleire av dei som protesterte, hamna i fengsel eller blei drepne. Presidenten er etterlyst via Interpol for brotsverk mot menneskeheita i samband med valet, skriv NRK.
No har president Maduro bestemt at folket i Venezuela skal feire jul i tre månader før han skal innsettast som president på ny 10. januar.
Også under koronapandemien i 2020 og i 2021 starta Maduro julefeiringa tidleg.