Den internasjonale domstolen er domstolen til FN. Domstolen løyser konfliktar mellom land.
For første gong blir domstolen brukt til å stille eit anna land for retten på grunn av kjønnsdiskriminering, skriv The Guardian. Canada, Australia, Tyskland og Nederland stiller nemleg Afghanistan for den internasjonale domstolen.
Grunnen er at den islamske gruppa Taliban, som styrer i Afghanistan, ikkje behandlar gutar og jenter likt.
Ifølge Taliban må jenter og kvinner mellom anna dekke seg til når dei skal gå ut, dei får ikkje lov til å synge offentleg, og dei får heller ikkje gå på skulen etter sjette klasse.
Det er venta at Afghanistan har seks månader på seg til å komme med eit svar før den internasjonale domstolen tar saka vidare.
Les også: Jenter i Afghanistan over 12 år får ikkje gå på skule