Nye funn av mystiske, store figurar i ørkenen

Nazca-ørkenen i Peru er kjent for dei mange meter lange og breie figurane ein kan sjå frå lufta. No er det funne fleire hundre hittil ukjende figurar.

Peru
  • Land i Sør-Amerika
  • Kyst mot Stillehavet
  • Grensar til Ecuador, Bolivia, Chile, Brasil og Colombia
  • Hovudstad: Lima
  • Innbyggjartal: 33,4 millionar
  • Språk: spansk, quechu, aymara

LES FAKTALUKK FAKTA

Figurane i Nazca-ørkenen, som er kalla geoglyfar, er så store at dei berre gjev meining om ein ser dei frå lufta. Dei er laga av liner og geometriske formar som er teikna inn i ørkenlandskapet.

No har forskarar ved universitet i Michigan gjort nye oppdagingar av fleire hundre geoglyfar, skriv Forskning.no.

Forsking med hjelp av kunstig intelligens

Forskarane gjorde oppdagingane ved å gå gjennom satelittbilde frå Nazca-ørkenen med hjelp av kunstig intelligens.

NYOPPDAGA: Nokre fleire av dei nyoppdaga geoglyfane. Òg her er det teikna inn liner for å gjere dei tydelege. Illustrasjon: Sakai et al / PNAS 2024 / CC BY-NC-ND 4.0

Dei rundt tre hundre geoglyfane som no er oppdaga, er mange delvis utviska. Dette har gjort dei vanskelege å oppdage tidlegare.

Uvisst kvifor dei vart laga

Før nyppdaginga var forskarar kjende med omrent 400 geoglyfar i Nazci-ørkenen. Dei mest kjende førestiller ein kolibri, ein kondor, ei øgle, ein edderkopp, ein kval og ei ape, og er mellom 45 og 285 meter lange.

Geoglyfane blei laga i perioden 200 til 600 år etter vår tidsrekning. Årsaken til at dei blei laga er ukjend.