Finland vil sende pandaene Lumi og Pyry tilbake til Kina

I 2018 fekk Finland to pandabjørnar i gåve frå Kina. No skal dei sendast tilbake.

Panda
  • Panda er eit stort pattedyr – ein type bjørn.
  • Kan bli 1,5 meter og vege 100–150 kilo.
  • Et nesten berre bambus.
  • Kan ete 12–38 kilo kvar dag.
  • Lever berre i Kina, som har laga naturreservat for dei.
  • Pandaen har lite energi og er treg.
  • Kan bæsje meir enn 100 gonger i døgnet.
Foto: Pixabay

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Lumi og Pyry har budd i dyrparken Ähtäri Zoo i Finland i seks år. Etter planen skulle dei vere der til 2032, skriv The Guardian.

No vil finske myndigheiter sende pandaene tilbake til Kina fordi det kostar for mykje å ha dei i dyreparken.

Så langt har opphaldet til pandabjørnane kosta omtrent 94 millionar kroner.

Karanteneklare

Pandabjørnane blei gitt til Finland etter at Kinas president Xi Jinping og finske myndigheiter signerte ei avtale om å beskytte den sårbare arten.

Men no returnerer Lumi og Pyry til Kina åtte år tidlegare enn planlagt. Dei vil bli sett i ein månads lang karantene før heimreisa.

Pandagåver

Sidan 1949 har Kina gitt bort pandaer til andre land som eit symbol på venlegheit.

Årsaka til dette er at Kina vil styrkje handelsavtaler og politiske forhold til andre land.