Den ville kjempepandaen er ikkje lenger truga

Likevel bur dei no berre på ein prosent av områda dei tidlegare har budd på. Ein stor den av denne prosenten er innanfor reservat, noko som betyr at dei er beskytta.

Kina sitt nasjonaldyr er vel det næraste me kjem symbolet på å vera søt. Dei svarte og kvite bjørnane har lenge vore utsett for utrydding, mykje grunna smugling.

Men i sommar skjedde det noko kult, skriv National Geographic.

Kinesiske tenestemenn kunne gå ut og informera om at bestanden av kjempepandaar nesten hadde dobla seg dei siste 30 åra. Derfor er dei ikkje lenger ein truga rase!

Eit vellukka tilfelle

– Auka i bestanden er noko ingen trudde ville skje for 20 år sidan. No er pandaen eit veldig vellukka tilfelle når det gjeld vekst, seier Fang Wang, som jobbar som biolog ved Fudan University, i Shanghai.

Allereie i 2016 vart rasen nedgradert frå tryga til sårbar, sidan forskarane allereie då kunne sjå at dei stadig vart fleire og at dei fekk større plass å bu på. Likevel er det viktig å vera klar over at pandaen framleis kan møta på problemar.

Ekspertar advarar om avskoging og endringar i naturen – som begge kan vera med å påverka korleis framtida til kjempepandaen blir.

Les også: Kylian Mbappé er blitt gudfar til pandababyar