Vil la barna VM-skulke

I natt skal Noreg spele sin første VM-kamp på 28 år. Krf-leiar Dag Inge Ulstein meiner at skulane bør la barna skulke etter å ha vore oppe og sett kampen i natt. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er ikkje einig.

Klokka 00.00 i natt møter Noreg Irak i sin aller første VM-kamp dette meisterskapet. Kampen vil vere ferdig rundt klokka 02.00.

Leiaren i det politiske partiet KrF, Dag Inge Ulstein, meiner at denne kampen er eit minne for livet for mange barn. Han ber difor skular om å tilpasse seg og opne for at elevane kjem for seint eller skulkar delar av morgondagen, skriv VG.

– Onsdag bør barna få lov til å ta fri frå skulen dei første timane. Er det éin dag ein ikkje bør vere så firkanta på leggetid, er det når Noreg er i VM, seier Ulstein til VG.

På Averøy skule i Møre og Romsdal får elevane fri i morgon onsdag. Samstundes vil skulen ha VM-arrangement i kveld. Der skal barna synge Alt for Norge, ha VM-leiker og sjå kamp saman.

Åtvarar mot skulking

Kunnskapsminister og Ap-politikar Kari Nessa Nordtun forstår godt at barn vil sjå VM-kampen i natt, men håpar at det kan gjerast utan å skulke, skriv Dagbladet.

– Eg har sjølv ei avtale med ungane mine om at dei skal leggje seg og så vekkjer eg dei til kampstart, fortel Nordtun til Dagbladet.

Samstundes meiner Nordtun at sjølv om du er oppe seint, må du kome på skulen til det klokkeslettet som er bestemt.

– Der er det ingen unntak, seier ho.

Nordtun meiner likevel at det går fint om skular, slik som Averøy skule, lagar eigne avtalar for oppmøte onsdag.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner at det barn ikkje bør skulke, sjølv om dei er oppe seint for å sjå på VM-kamp. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB