Katten Rayne Beau gjekk nesten 130 mil

Katten er endeleg saman med eigarane sine etter ein veldig lang tur.

Katten Rayne Beau var på campingtur med eigarane sine i Yellowstone i Wyoming i USA, då han vart skremd og forsvann.

Ferien tok slutt og eigarane måtte reisa heim til California utan katten.

– Det var hjarteskjerande å reisa heim utan han, fortel ekteparet Anguiano til Guardian.

Fekk telefon

To månedar etter ferien fekk ekteparet telefon frå dyrevelferdsgruppa Pet Watch. Dei hadde funne katten i Roseville i California. Det ligg heile 130 mil frå Yellowstone! Korleis katten klarte å komma seg dit, er det ingen som veit.