Pingvinen Pesto har gått viralt

I januar blei pingvinen Pesto fødd på eit akvarium i Australia. No har han blitt rekordstor, noko som har gjort han kjent over heile verda.

Kongepingvin
  • Ein av dei største pingvinartane.
  • Vaksne individ er gråblå med guloransje fjør rundt øyre og på brystet.
  • Gjennomsnittleg vekt er 9–18 kilo.
  • Gjennomsnittleg høgde er 70–100 centimeter.
  • Lever på den sørlege halvkule.

Kjelde: Stor norske leksikon.

LES FAKTALUKK FAKTA

Pingvinen Pesto bur i eit akvarium i Melbourne i Australia. Han er no ni månader gammal og har sjokoladebrune fjør slik andre kongepingvinar på hans alder har.

Det som ikkje er like normalt med han, er størrelsen hans. Han veg no 22,5 kilo og er like tung som fostermora og -faren til saman. I tillegg er han eit hovud høgare enn fosterfaren, skriv BBC.

Pesto sin størrelse har no ført til at han har fått mykje merksemd på sosiale medium og tv-skjermar verda over.

Det er rett nok ikkje uvanleg at pingvinane lagrar ein del feitt den første levetida, for så å bli mindre igjen.