For kulturminister Lubna Jaffery var det viktig å delta på opninga av Vesle norsk leksikon.
– Vesle norske leksikon er viktig for å få ein stad der born og unge kan finne viktig informasjon som dei kan stole på, seier kulturministeren til Framtida junior.
Ein av kulturministeren sine mange oppgåver er å arbeide med utfordringar som handlar om desinformasjon – spreiing av feilaktig og villeiande fakta.
– Eg håpar Vesle norske leksikon kan bli ei viktig informasjonskjelde – at det ikkje berre er sosiale medium som er informasjonskjelda til barn og unge, seier kulturministeren.
– Hos oss finn du heilt sann informasjon
Guro Djupvik er prosjektleiar for Vesle norske leksikon.
– Det er viktig for oss at det finst ein plass der ein kan finne informasjon som er heilt sann, og denne plassen vil vi vere, seier Guro.
No håpar prosjektleiaren at barn og unge vil bruke Vesle norske leksikon når dei lurar på noko.
– Eg håpar særleg at dei vil bruke oss når det viktig at svaret er heilt rett.