Minst ti menneske har mista livet etter fleire dagar med regn og flaum i Sentral-Europa, ifølgje Reuters. Polen, Tsjekkia, Austerrike, Slovakia, Ungarn og Romania er blant landa som er ramma av flaum.
I deler av Tsjekkia har det frå torsdag til søndag falle meir enn 400 millimeter nedbør, ifølgje miljødepartementet i landet.
Til samanlikning fell det mellom 700 og 900 mm nedbør i Oslo på eitt år, skriv NRK.
Det har både vorte meir regn og meir styrtregn i Europa dei siste åra. Det er knytt til klimaendringane, ifølgje FNs klimapanel.