Ytre høgre-parti gjorde brakval i tysk delstat

Sundag 1. september var det lokalval i dei tyske delstatane Sachsen og Thüringen. På begge stadane fekk det ytre høgre-partiet Alternativ für Deutschland (AfD) ein tredel av stemmene.

Høgreekstremisme
  • Ekstreme haldningar på den politiske høgresida
  • Blir mellom anna brukt om politiske parti og rørsler
  • Forbunde med blant anna rasisme og anti-demokratiske haldningar
  • Nazisme er ei kjent retning innanfor høgreestremisme
LES FAKTALUKK FAKTA

I delstaten Thüringen blei AfD det største partiet. Dette er fyrste gong sidan andre verdskrig at eit ytre høgre-parti har vunne eit delstatsval i Tyskland.

AfD er rekna som eit ekstremistisk parti av tyske myndigheiter, og partileiaren i Thüringen, Björn Höcke, er straffedømt for nazistisk språkbruk.

Trass i at dei vart det største partiet, får dei ikkje nødvendigvis styre.

– Framleis seier alle dei andre partia at dei ikkje vil samarbeide med AfD, seier kommentator Astrid Sverresdotter Dypvik til VG.

Utan samarbeidsparti vil ikkje partiet få makt til å styra. Likevel kan dei få stor innverknad på lovane som blir laga, når dei har ein tredel av seta.