Todd (15) og Stella (13) viser fram at alle søsken kranglar

Dokumentarfilmen Todd & Super-Stella viser liva til dei to søskena. Borna fortel at mange har kjent seg igjen i filmen.

– Då eg var liten, tenkte eg at ingen andre kranglar så mykje som oss. Det er ingen andre filmar som viser at det er vanleg. Vi viser fram at det er vanleg å krangle eller å vera redd, og at det er greitt, seier Todd.

Todd og søstera Stella er stjernene i dokumentarfilmen Todd & Super-Stella. Filmen er laga av mora deira, Mari Monrad Vistven. Ho har filma borna frå dei var 3 og 5 år gamle, til dei var 10 og 12.

SØSKEN: Filmen følger Todd og Stella frå dei er 3 og 5 år, til dei er 10 og 12.
Foto: Bilete frå Todd & Super-Stella.

Ekte gråt

Filmen handlar om forholdet mellom dei to søskena. Dei kranglar, dei er sjalue, dei er redde for å ta vaksine eller å hoppe frå ei klippe ut i vatnet. Publikum får også høyra om tankane til Stella og Todd undervegs.

Begge søskena fortel at dei har skjønt meir om kvarandre, og kva dei har tenkt gjennom barndommen, etter å ha sett filmen. Mamma og filmskapar Mari håpar at born som ser filmen, kan kjenna seg igjen i situasjonane, i søskenkrangling, frykt og sjalusi, og at det kan bli lettare å snakka om kva ein føler. Ho seier at mange filmar for born handlar om superheltar og magiske krefter. Det er få som viser fram vanskar som born har i kvardagen.

ANIMASJON: Mamma Mari har fått Stella til å teikna tankane og kjenslene sine gjennom oppveksten. I filmen har teikningane vorte gjorde om til animasjonar.
Foto: Bilete frå Todd & Super-Stella. Animasjon: Mikrofilm

– Det er fint å sjå ekte kranglar og ekte gråt. Ein treng ikkje å vera flau over kjenslene sine. Dei er normale og viktige. Og det er lov å synest at broren eller systera di ikkje er så kul, seier ho.

Like born

KARAKTER: – Det er gått lang tid, og når eg ser meg sjølv i filmen, tenker eg på det som ein annan versjon av meg, seier Todd.
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Dei to søskena fortel at dei vart vane med å bli filma gjennom åra.

– Vi var berre oss sjølve. Vi måtte ikkje spela. I starten var det gøy å vita at det skulle bli film, men etter kvart vart det ganske slitsamt. Men det var verdt det, fortel Todd.

– Etter kvart gløymde eg at kameraet var der, seier Stella.

– Når eg har gjort noko som var litt flaut, men så kjem born bort til meg etter filmen og seier at det var fint, så kjenner eg meg betre, seier Stella.
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Søskena har vore med rundt på filmvisingar i fleire byar i Noreg, og dessutan har dei vore med og vist filmen på ein festival i Hellas. Dei har fått mange fine tilbakemeldingar frå skuleklassar og familiar. På visninga i Hellas kom borna i publikum løpande opp på scena for å klemme Stella og Todd etter filmen. Det er tydeleg at filmen har gjort inntrykk på mange.

– Det er gøy at dei synest at vi verkar så spesielle når vi berre er oss. Sjølv om det er eit land langt unna, er born veldig like, seier Stella.

– Responsen har vore veldig bra. Det er mange som seier «eg kranglar òg med broren eller søstera mi», seier Todd.