Neste år kjem Eurovision Song Contest til Basel

Sidan Sveits vann Eurovision i mai, er det dei som får æra av å arrangere den store musikkfesten i 2025.

Fakta om Basel:
  • Byen ligg nordvest i Sveits, ved grensene til Frankrike og Tyskland, og ved Rhinens breidder.
  • Med sine nærare 170 000 innbyggjarar innanfor bygrensa og 740 000 i forstadane rundt, er Basel den tredje største byen i Sveits.
  • Industrien er viktig for Basel, byen er kjend for sin legemiddel- og kjemiindustri.
  • Basel er òg kjent som ein viktig kulturby, der mange kulturfestivalar, arrangement og konsertar blir avvikla. I tillegg til dette er Basel ein internasjonal utdannings- og forskingsby.
  • Har universitet frå 1460, det eldste i Sveits.
  • Er eit av Europas viktigaste veg- og jernbaneknutepunkt.

(Kjelde: Wikipedia, SNL.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

No er det klart at neste års Eurovision blir i kulturbyen Basel i Sveits. Den spennande finalen går av stabelen laurdag 17. mai, melder NRK. 

Tradisjonen tru er det Sveits som skal vera vertskap for songkonkurransen i 2025 ettersom deltakaren deira Nemo vann finalen i Malmö i år med songen «The Code». Det var Sveits sin tredje siger i songkonkurransens nesten 70 år lange historie.

Eurovision sidan 1956

Eurovision Song Contest er ein musikkonkurranse for medlemslanda i Den europeiske kringkastingsunion. Konkurransen har vorte arrangert årleg frå 1956, med unntak av 2020, då konkurransen vart avlyst på grunn av koronapandemien. Kvart deltakarland deltek gjennom ein nasjonal allmennkringkastar, som har ansvar for å velja ut ein song som skal delta i konkurransen. I Noreg er dette NRK.