Greta Thunberg demonstrerer i Stavanger

Denne veka har leiarar i olje- og energiindustrien frå heile verda samla seg i Stavanger. I den samanheng har Greta Thunberg demonstrert saman med aktivistgruppa Extinction Rebellion.

Ifølgje aktivistgruppa er det rundt 100 personar som deltek i ein blokade som skal forsøka å stansa olje- og energikonferansen leiarane deltek på i Stavanger, skriv NTB.

På denne demonstrasjonen har Extinction Rebellion fått med seg den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg. Måndag demonstrerte ho i ei rundkøyring på veg inn til konferanseområdet.

Jonas Kittelsen, leiar i Extinction Rebellion, meiner konferansen bidreg til grønvasking. Grønvasking inneber å framstilla noko som meir miljøvennleg enn det eigentleg er.