Slik observerer du ei maurtue

Her er nokre tips for å observera ei maurtue på ein trygg og respektfull måte.

Å sjå på ei maurtue på nært hald er ein spennande og lærerik aktivitet. Ved å studera mauren kan du læra mykje om naturen. Mauren er mest aktiv om våren og sommaren, og går i dvale om hausten og vinteren.

Slik gjer du:

1. Først må du finna ei maurtue. Dei finn du ofte i skogen, i hagar eller andre grøne område. Maurtuer kan variera i storleik, frå små haugar til store, imponerande tuer.

2. Når du nærmar deg maurtua, er det viktig å vera roleg og stille. Maur reagerer på vibrasjonar og rørsler, så prøv å ikkje skremma dei.

Foto: Pixabay

3. Eit forstørringsglas kan vera til stor hjelp når du observerer maur. Dette gjer det lettare å sjå dei små detaljane, som til dømes korleis maurane ser ut, og kva dei gjer. Du kan sjå dei bera mat, bygga på tua eller kommunisera med kvarandre.

4. I ei maurtue finst det ulike typar maur med forskjellige oppgåver. Du kan prøva å sjå etter arbeidarmaur, soldatmaur og kanskje til og med dronninga. Arbeidarmaur er dei som går ut og hentar mat, medan soldatmaur forsvarar tua. Dronninga held seg oftast inne i tua og legg egg.

5. Sjå etter stiane som maurane brukar for å gå inn og ut av tua. Dei kan vera fleire meter lange! Følg ein av desse stiane med auga og sjå kor maurane går for å finne mat eller byggjemateriale.

6. Unngå å røra ved tua eller forstyrre maurane meir enn nødvendig. Hugs at dette er heimstaden deira, og me er berre gjestar som får lov til å sjå.

Kjelder: SNL, KFUM-speidarane.

Videoen øvst i saka er henta frå YouTube og lagt ut av John Sandøy.