Turmat frå heile verda: Couscous-salat

Oppskrifta er frå Norsk Friluftsliv.

Freistar det?

Freistar det å prøve empanadas, biryani, eller dumplings neste gong du er ute på tur? På turmat.no finn du oppskrifter på turmat frå heile verda. Nettsida er ein del av Norsk Friluftsliv sitt prosjekt Turmat frå heile verda. Målet er å bygge bru mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur.

LES FAKTALUKK FAKTA

Du finn denne oppskrifta, og fleire oppskrifter med turmat frå heile verda, på turmat.no.

Denne couscous-salaten er eit must om sommaren. Enkel å lage ute på tur, men du kan også lage han på førehand og ta med ferdig salat ut.

Couscous er semulegryn laga av durumkveite, og blir brukt mykje i det nord-afrikanske kjøkkenet, spesielt i Marokko. Koking av couscous går raskt og passar derfor svært godt til matlaging ute.

8 porsjonar

Salat

500 gram couscous
4 tomatar
1 agurk
4 vårløk
1 mango
100 gram cashewnøtter
1 potte koriander
1 potte bladpersille

Dressing

2 sitroner (safta)
2 ss sukker
1 ts malt spisskummen
1 ts malt koriander
1 ts kajennepepar
0.5 ts kverna pepar
1 dl olivenolje

Slik gjer du:

  1. Kok couscousen slik det står på pakken. Hell han over i ein stor bolle og avkjøl. Bruk ein gaffel til å gjere han luftig.
  2. Kutt opp ingrediensane til salaten: Del tomatar og agurk og fjern den mjuke kjernen. Kutt i terningar. Kutt opp vårløk og mango og grovhakk cashewnøtter. Finsnitt basilikum og persille (la det bli igjen nokre heile blad til pynt) og bland alt.
  3. Visp saman ingrediensane til dressingen og rør det godt inn i blandinga frå punkt 2. Smak til med salt og pepar.
  4. Bland dressingen med couscousen, pynt med friske urter og server.
LETT OG GODT: Lag gjerne couscoussalaten heime før tur og ta han med ut i ein boks. Foto: Mari Kolbjørnsrud / Norsk Friluftsliv