Demonstrantar spraya eit oransje stoff på Stonehenge

Hendinga vil ikkje påverke feiringa av sommarsolverv på Stonehenge.

I dag er det sommarsolverv, også kjent som årets lengste dag. Frå i morgon av vil det bli litt mindre dagslys kvar dag fram til vintersolverv i desember. Vintersolverv er årets kortaste dag.

I England står det nokre steinar i ein sirkel. Dei blir kalla Stonehenge og er frå steinalderen. Forskarane veit ikkje heilt kvifor menneska plasserte steinane i sirkel. Men dei trur at menneske lenge har feira sommarsolverv og vintersolverv ved Stonehenge.

Også i dag reiser menneske til Stonehenge for å feire at sola snur.

Spraya oransje stoff

I går spraya to demonstrantar frå gruppa Just Stop Oil eit oransje stoff på Stonehenge, skriv BBC. Dei to blei arresterte av politiet etterpå, mistenkte for å øydelegge det gamle monumentet.

Just Stop Oil sa det oransje stoffet var maismel som vil gå vekk når det regnar. Gruppa krev at den neste britiske regjeringa avsluttar utvinning og brenning av olje, gass og kol innan 2030.

Den britiske statsministeren, Rishi Sunak, kalla hendinga «skammeleg vandalisme».