Plasserte port til Japans høgste fjell for å få færre turistar

Dei som vil nå toppen av fjellet, må reservere plass.

Det høgste fjellet i Japan, Fuji, er ein populær stad å besøke for turistar. Men myndigheitene i området der fjellet ligg, synest det er for mange turistar. Tidlegare i år sette dei opp eit svart nettinggjerde slik at turistane ikkje kan ta bilde av fjellet der dei pleier, og forstyrre trafikken.

Måndag denne veka sette myndigheitene opp ein port på stien opp til fjellet, skriv The Guardian.

Porten vil vere stengt mellom klokka 16:00 og 03:00 kvar dag. Slik ønsker myndigheitene å hindre at turistar som ikkje har bestilt overnatting langs stien, legg ut på tur. Maks 4000 turistar får lov til å gå gjennom porten kvar dag.

– Restriksjonane som vil tre i kraft i år er tiltak for å løyse problema som set liva til klatrarane i fare, sa guvernøren Kotaro Nagasaki, ifølge The Guardian.