FN: Både Israel og palestinske grupper har gjort krigslovbrot

FN-granskarane meiner det er særleg grovt at barn blei tekne gissel.

Ei gruppe i FN som har granska hendingane på Gazastripa, seier at både Israel og væpna palestinske grupper har gjort seg skuldige i krigsbrotsverk, skriv NRK.

– Det er avgjerande at alle som har gjort lovbrot, blir stilt til ansvar, sa Navi Pillay, leiar for FN-gruppa, då rapportane vart lagt fram onsdag. Rapportane tar for seg hendingane på Gazastripa frå Hamas-åtaket 7. oktober til utgangen av 2023.

Israel

Ifølgje FN-granskarane er Israel skuldige i krigsbrotsverk, lovbrot mot menneskeslekta og brot på internasjonal humanitær rett. Dei trekker fram utrydding, drap, kjønnsbasert forfølging, tvangsforflytting og «umenneskeleg tortur», ifølgje NRK.

Etter FN-rapporten skuldar Israel FN-granskarane for systematisk anti-israelsk diskriminering.

Israel blir òg skulda for å nytte «utsvelting» som våpen, skriv NTB. Torsdag melder Verdas helseorganisasjon (WHO) at over 8000 småbarn er akutt underernærte på Gazastripa.

Hamas

FN-kommisjonen seier òg at Hamas og andre palestinske væpna grupper og sivile har brote internasjonal humanitær rett og er skuldige i krigsbrotsverk og lovbrot mot menneskeslekta etter dei gjekk til åtak på Israel 7. oktober.

Granskarane til FN finn ei rekkje teikn på at det vart brukt seksuell og kjønnsbasert vald. Dei meiner det er særleg grovt at barn blei tekne gissel, og peikar på at israelske barn blei tvinga til å sjå familiemedlemmar bli drepne.

Hamas har så langt ikkje kommentert rapporten, skriv NTB.