Torsdag aksjonerte Politiets tryggingsteneste (PST) mot eit nettverk med unge høgreekstreme over heile landet, skriv NRK. Ungdomane skal mellom anna ha delt grove valdsvideoar og bilete av våpen, og skal ha oppmoda til terror og drap på homofile.
Det er snakk om unge i alderen 12 til midten av 20-åra. Politiet aksjonerte mot 15-20 personar der dei fleste er mellom 12 og 17, opplyser NRK i saka.
– Dei deler også videoar av utført terror. Dei hyllar Anders Behring Breivik og Brenton Tarrant, som drap over 50 personar i ein moské i Christchurch. Det er tidvis ganske grovt, seier leiar for seksjon for kontraterror i PST Bjørn-Willy Wold.
Han forklarar at det ofte startar på opne plattformer, som TikTok, og at dei vidare blir dratt inn i lukka forum.
Aksjonen resulterer i frivillige, førebyggjande samtalar, men Wold er oppteken av at dei unge må forstå alvoret.