Fleire jenter er med i motorsport

Tiril Husen Olsen (9 1/2) og Martine Nilsen (9) vil gjerne ha med seg fleire jenter på cross.

Fakta om motocross
  • Frå 5 år kan ein køyra godkjent sykkel på godkjent bane med maks 60 cm³.
  • Frå 10 år er det lov å køyra inntil 85 cm³, og fra 14 år, 125 cm³. Frå 16 år er det inga avgrensing på kubikk.
  • Idretten er organisert gjennom Norges Motorsportforbund (NMF).
  • På nmfsport.no kan du sjå kvar det er banar og klubbar.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er kjekkare enn handball, seier Tiril. Ho har køyrt cross sidan ho var fem år gamal.

No er det 602 jenter under 13 år i Noreg som driv med MX.

I koronatida var det mange barn og unge som starta å køyra cross.

Dei siste seks åra har det blitt 25 prosent fleire jenter og kvinner i Norges Motorsportforbund, frå 2913 kvinnelege medlemmer i 2018 til 4188 i 2023.

Jobbar for å få med fleire jenter

Breiddesjef i forbundet, Mads Gundersen, fortel at dei jobbar for å få med seg fleire jenter.

– I klubbane ser me fleire klubbar med eigne jente-arrangement og fokus på konkurransar og treningar tilpassa jenter. Frå forbundet sentralt har me eigne toppidrettssatsingar for jenter og breiddeprosjekt retta mot jenter i ungdomsalderen. I utdanninga av aktivitetsleiarar og trenarar er det eit fokus på korleis leggja til rette for begge kjønn, seier han til Framtida Junior.