Militærhunden Apolo fekk medalje

Han og fem hundekollegaer fekk heider og ære for arbeidet sitt.

På måndag fekk hundane Dayco, Amanda, Apolo, Zeus og Maly medaljar under ein seremoni i Ecuador.

Hundane er av typen belgisk fårehund. Dei arbeider for den militære etterretningstenesta i landet. Det er mykje kriminalitet på grunn av narkotika i Ecuador.

SEREMONI: Det var ein høgtidleg seremoni då Apolo fekk medaljen sin. Foto: Dolores Ochoa / AP Photo / NTB

Ein av hundane hadde funne narkotika på ein person. Ein annan hund hadde funne sprengstoff gøymt under eit bildekk.

Hundane har spelt ei viktig rolle for offentleg sikkerheit og i kampen mot organisert kriminalitet, sa oberst Santiago Salazar, ifølge The Independent.

DAYCO: Også fårehunden Dayco fekk medalje på måndag. Foto: Dolores Ochoa / AP Photo / NTB