Postbilar blir regnbogefarga i sommar

Posten Bring feirar mangfald.

I sommar vil nokre av bilane til Posten Bring ha regnbogefargar.

– Mangfald, felleskap og kjærleik er verdiar vi står for og det skal kjenneteikne vår kultur, seier konserndirektør Hans-Øyvind Ryen i Posten Bring i ei pressemelding.

Regnbogen er eit viktig symbol for pride. Pride er ei feiring kvar juni for dei som støttar LHBT+-rørsla. LHBT er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.