Nora (14) om flyktningvedtak: – Skamma meg over å vere fitjarbu

Nora Jæger Thorland meiner det er rasistisk at Fitjar kommune berre vil ta imot flyktningar frå Ukraina. Det avviser ordføraren.

Ein lengre versjon av denne saka var først publisert på Framtida.no.

– Dagen det kom ut skamma eg meg over å vere fitjarbu. Det følast flaut at bygda eg kjem frå skal vere sånn.

Nora Jæger Thorland går i 9. klasse på Rimbareid skule i Fitjar. I mars bestemte kommunen hennar at dei berre vil ta i mot flyktningar frå Ukraina. Det synest 14-åringen, som er nestleiar i Sunnhordland AUF, er diskriminerande.

– Det er jo stereotypisk at ei lita bygd har fordommar, men eg og mange andre her meiner det ikkje er sånn det skal vere.

– Rasistisk

Difor arrangerte Sunnhordland AUF saman med Norsk Folkehjelp Sunnhordland ein demonstrasjon mot vedtaket 6. mai framføre rådhuset på Fitjar.

– Eg og heile Sunnhordland AUF meiner det er totalt uakseptabelt. Vi trur ikkje at personane bak vedtaket personleg er rasistar, men eit sånt vedtak er rasistisk. Definisjonen på rasisme er forskjellsbehandling grunna etnisitet, og det er det vi ser i vedtaket.

Kommunestyret bestemte å ta i mot 25 flyktningar, som alle skal vere frå Ukraina. Kommunen seier til NRK at det ikkje handlar om etnisitet, men om kor mange den vesle kommunen med 3200 innbyggjarar klarar å ta imot.

Nora synest ikkje det er ei god nok forklaring, og meiner det vil koste kommunen å ta imot flyktningar uansett kvar dei kjem frå. Ho synest det blir feil å berre prioritere dei frå Ukraina.

Ugyldig i Drammen

Nora håpar vedtaket kan bli endra.

– Vi såg jo at det blei gjort eit liknande vedtak i Drammen og det blei stroke fordi det var ulovleg, så eg har tru på at det vil føre fram.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken konkluderte med at punktet om at flyktningane i Drammen skal vere ukrainarar strir med diskrimineringsforbodet i Grunnlova og likestillings- og diskrimineringslova.

Ordførar: – Vel grunngjeve sak

Ordførar i Fitjar kommune Wenche Tislevoll (H) skriv til Framtida Junior at det er svært sårande at vedtaket blir kalla rasistisk.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H). Foto: Fitjar kommune

– Dette er ei vel grunngjeve sak frå administrasjonen, som ikkje i det heile tatt har nokon rasistiske motiv eller meiningar.

Ordføraren meiner Fitjar si sak ikkje på nokon måte kan samanliknast med Drammen si sak.

Kommunestyret hadde saka oppe på nytt 2. mai, og fleirtalet ønskte ikkje å endre vedtaket.