På måndag var temperaturen i Delhi i India 47,4 grader. Myndigheitene bestemte derfor å stenge skulane og gi barna tidleg sommarferie, skriv The Guardian. Skular andre stader i India, som i Haryana, Madhya Pradesh, Punjab og Rajasthan, blei også stengde.
Indiske meterologar melder om «alvorleg hetebølge» denne veka. På grunn av klimaendringane kjem hetebølger i India oftare, dei er lengre og meir intense.