Vil forby palestinske flagg i Eurovision

Arrangøren av Eurovision Song Contest vil forby palestinske flagg og skilt med politiske bodskapar inne på Malmö Arena under songkonkurransen.

Det er venta store demonstrasjonar mot at Israel får delta i Eurovision Song Contest, ifølgje Aftonbladet.

Det er berre nasjonale flagg frå landa som deltek i konkurransen som er tillate inne på arenaen. I tillegg er det også lov å ha med pride-flagg.

– Desse reglane er som året før. Det er inga forandring, seier arrangøren til avisa.

Eurovision-finalen blir arrangert laurdag 11. mai.