Skal rydde søppel på Mount Everest

Frå og med årets sesong må klatrarar ha sporingsbrikker og bæsjeposar.

Å klatre Mount Everest sine 8849 høgdemeter har blitt eit populært prosjekt. For å kome seg til toppen, er den vanlegaste vegen å gå via Nepal. I fjor gav nepalske styresmakter ut rekordmange klatreløyve og lot 478 klatrarar prøve seg.

Overbefolkning og søppel har vorte to av dei største utfordringane i området dei siste åra, skriv CNN. Mellom 2019 og 2023 vart det ifølgje den nepalske hæren samla 110 tonn med avfall frå Mount Everest.

Mount Everest sett frå Kala Patthar i Nepal. Foto: Pavel Novak, CC BY-SA 2.5, Wikimedia Commons

Det har blitt innført nokre endringar frå og med denne sesongen. I 2024 er alle pålagde å nytte bæsjeposar frå styresmaktene når dei går i fjellet som dei må ta med tilbake frå turen. I tillegg må alle klatrarar for første gong ha sporingsbrikke i tilfelle dei vert utsette for ulykker eller døyr.

No startar årets fjellklatresesong, og hæren skal saman med selskapet Unilever halde fram med ryddeprosjektet «The Mountain Cleanup Campain». Frå 14. april vil tolv militære og 18 sherpaar starte arbeidet med å rydde fjellet.

Dei reknar med å fjerne 10 tonn med avfall.

Dei vil òg hente ned fem døde personar frå Mount Everest. Desse er klatrarar som døydde i forsøket på å nå toppen.