«Cammo» handlar om influensaren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.
– Dette er heilt surrealistisk! At humoren og historia i «Cammo» kan treffa både spanjolar og tyskarar er skikkeleg gøy. Eg gler meg til å sjå korleis dei ulike landa tolkar manus, og er så takksam og glad for at historia om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millionar menneske, seier Caroline Glomnes, serieskapar og hovudrolleinnhavar til NRK.