Trur bøker kan vekke kjærleik til naturen

Forfattar og illustratør Nora Dåsnes blei så sint at ho måtte skrive ei bok om klima og natur.

Tips frå Nora til engasjerte barn
  • Det er veldig lurt å finne nokon på din eigen alder som du kan jobbe saman med, for å vere åleine mot dei vaksne er slitsamt.
  • Deretter kan du velje eit mål du vil jobbe med. Kanskje det er å få foreldra dine til å kaste mindre mat, eller at skulen din skal bli meir energieffektiv? Eller kanskje du har eit område med natur som er truga der du bur?
  • Det viktigaste er at du ikkje prøver å løyse heile klimakrisa på ein gong. Dette er noko vi må klare saman, med mange små steg.
LES FAKTALUKK FAKTA

Då Nora begynte å skrive boka La skogen leve!, ville ho eigentleg berre lage ei koseleg og morosam bok. Men så kom FN med ein alvorleg klimarapport.

– Då blei eg så sint og lei meg at eg ikkje klarte å la vere å skrive om klima og natur, fortel ho.

Viktig å ha merksemd på klima heile tida

Då Nora var lita, var ho litt håpefull for klimaet. Den amerikanske politikaren Al Gore hadde ein kampanje om å ta klimaendringar på alvor, og det var ein konsert som heitte Live Earth.

– Eg tenkte, no skjer det ting! Men så fortsette alt berre å gå i sniglefart. Det var veldig skuffande, seier Nora.

Ho meiner det er viktig å halde merksemda på klima heile tida. Dei vaksne i La skogen leve! er treige med å gjere noko for naturen. Nora trur mange vaksne blir tiltakslause fordi klimakrisa verkar meir komplisert når ein er vaksen.

– Derfor treng vi engasjementet til barn og unge for å hugse kva det er vi prøver å få til, seier Nora.

Det nyttar

I La skogen leve! prøver barna å få dei vaksne til å ta vare på naturen.

FORFATTAR OG ILLUSTRATØR: Nora Dåsnes har laga boka La skogen leve som handlar om klima og natur. Foto: Agnete Brun

Nora håper dei som les boka får tru på at dei kan bli høyrt, og at det nyttar å engasjere seg, både i klimakampen og i andre kampar for rettar.

– Så håper eg at klimakrisa kjennest litt mindre skummel av å lese boka. Eg trur alt blir mindre skummelt om vi har god kunnskap, både om kva som skjer, og om kva vi kan gjere med det, seier ho.

Klimakamp handlar om kjærleik

Nora elska å lese om haiar då ho var barn. Det førte til at ho blei opptatt av å beskytte livet i havet så haiane kan ha det bra. Gjennom skogen i Ronja Røverdatter og entene i Ringenes Herre, blei ho endå meir glad i tre enn det ho allereie var.

– Eg trur bøker først og fremst kan vekke kjærleik til naturen. Både i faktabøker og fiksjon.
Nora møtte nyleg ein egyptisk forskingsformidlar som heiter Nadia Elmasry. Ho sa til Nora at klimakamp alltid handlar om kjærleik.

– Kjærleik til deg sjølv og menneske og dyr du er glad i, og kjærleik til naturen i nærområdet ditt. Det er eit fint bodskap å ha med seg om du skal snakke med nokon vaksne om kvifor vi skal ta vare på naturen vår, seier Nora.