Blir du med på årets hagefuglteljing?

Helga 27.-28. januar er det igjen den store hagefuglteljinga. Dette skjer samstundes i alle nordiske land.

Slik deltek du (spør gjerne ein vaksen om hjelp til registrering av fuglar):

  • Tel fuglane du ser ved foringsplassen eller i hagen din. For kvar art skal du rapportera den høgaste mengda du har observert samtidig av den arten i perioden du tel. Lag ei liste og set teljestrekar. Du bestemmer sjølv kor lang tid du brukar, men ein times tid bør vera eit minimum.
  • For å legga inn observasjonar må du skaffa deg eit passord (om du ikkje har delteke tidlegare). Passord får du ved å registrera deg på denne sida! Spør gjerne ein vaksen om hjelp til dette.
  • Når du loggar deg inn, opprettar du først eit område. Det er den plassen du har observert fuglane. Husk òg å merka av denne plassen på kartet som kjem opp.
  • Når du har registeret området, vil skjemaet for registrering av hagefuglane komma opp. Vel artane og fyll ut dei felta som er der.
  • Etter at du har valt «registrer», vil du få spørsmål om du vil legga inn bilde.

Lykke til!