Fem spel å sjå fram til i 2024

Her er Anette Fadnes Marcussen sine fem førehandsfavorittar i 2024.

2024 ser ut til å bli eit godt år for spelelskarar, uavhengig av konsoll. Sjølv ser eg fram til alle dei koselege og søte spela, og i år kjem det heldigvis mange av dei.

Princess Peach skal ut på nye eventyr i 2024. Foto: Nintendo

Princess Peach: Showtime!

Som ein fan av Super Princess Peach til Nintendo DS ser eg fram til det første Mario-spelet med Peach som hovudkarakter sidan 2005.

Spelet set fokus på Peach og hennar mange former. Ho kan nemleg forvandle seg denne gongen, blant anna til Sverdfektar Peach, Detektiv Peach og Kung-fu Peach. Ho og partnaren hennar, Stella, set ut på eventyr for å slå spelet sin hovudskurk: Wicked Grape.

Det ser ut som om dette spelet blir innhaldsrikt og nyskapande.

Plattform: Nintendo Switch
Lanseringsdato: 22. mars

Our Life: Now & Forever

Dette er mogleg eit spel ikkje så mange har høyrt om. Our Life: Now & Forever er eit spel i sjangeren visuelle romanar, og handlar om hovudkarakteren, spelaren, som veks opp i eit nytt nabolag med naboane sine Qiu Lin og Tamarack Baumann.

Spelet er lagt opp sånn at ingenting nokon gong blir teke for gitt, slik at alle kan føle seg sett og inkludert.

Plattform: PC
Lanseringsdato: Ikkje annonsert

Tiny Glade

Tiny Glade er eit sandbox-spel om å skape slott. Heile poenget til spelet er å utforske kreativiteten din og lage akkurat det du vil.

Det ser ikkje ut til å vere så mange grenser for kva du kan gjere i Tiny Glade. Kvart slott i trailerane er forskjellige i storleik, i form og i farge. Du kan teikne din eigen sti, legge til nye rom på slottet ditt ut av ingenting, og sette på vindauge og dører, for å nemne eit par ting. Slik Pounce Light får det til å sjå ut, vil dette spelet vere avslappande, gøy og veldig enkelt.

Plattform: PC
Lanseringsdato: 2024

Mario vs. Donkey Kong

Spelet som kjem ut denne gongen er ein ny versjon av det aller første spelet i serien, med multiplayer og betre grafikk.

I det originale spelet frå 2004 eig Mario ein leikefabrikk som lagar små Mario-figurar. Donkey Kong ser ein reklame for dette på TV og blir straks forelska i leikene. Dessverre kjem han til butikken og oppdagar at dei er utselt. Rasande drar Donkey Kong til fabrikken på andre sida av gata og stel alle Mario-figurane. Oppgåva til spelaren blir no å ta tilbake alle figurane, gjennom diverse gåter og hinder, før dei fleire gongar gjennom spelet slåst mot Donkey Kong.

Plattform: Nintendo Switch

Lanseringsdato: 16. februar

Little Kitty, Big City ser ut som eit spennande spel. Foto: Double Dagger Studio

Little Kitty, Big City

Dette sjarmerande, tullete og morosame spelet handlar om ein katt som har gått seg vekk, og leitar etter vegen heim. Å finne stien som tar deg heimover er definitivt ein prioritet, men å utforske byen først kan ikkje skade. Du møter andre dyr, får nye venar, rotar og lagar litt trøbbel, og leitar sakte, men sikkert, etter heimen din.

Little Kitty, Big City kjem til å vere eit open world-spel, som vil seie at du kan gjere akkurat det du vil og gå akkurat der du vil. Alt i alt eit søtt, koseleg spel å slappe av til.

Plattform: Nintendo Switch, PC, Xbox
Lanseringsdato: 2024