Lemurar:

Viss du har sett nokre av dei animerte Madagaskar-filmane, kjenner du nok att desse spesielle dyra. Lemuren er ein primat, og er i slekt med apekattane, men dei har utvikla seg isolert på Madagaskar.
Det finst åtte ulike typar lemurar. Tre av dei er: sifaka, indri og aye-aye. Ein annan er den ikoniske ringhalelemuren.
Satanisk løvhalegecko

Det er også mange ulike typar geckoar på Madagaskar. Den sataniske løv-hala geckoen har ein spesiell utsjånad for å kamuflere seg i den tropiske skogen på Madagaskar. Han vert kalla «satanisk» fordi han har små horn og raude auge.
Giraffbille

Giraffbilla er ei snutebille. Ho har fått namnet på grunn av den lange nakken.
Panterkameleon

Ordet «kameleon» kjem frå gammalgresk og tyder «bakkeløve», medan denne arten fekk namnet «panter» fordi den har prikkar som ein lepoard.
Fossa

Fossaen er det største rovdyret på Madagaskar. Dei tilhøyrer snikekattfamilien.
Gullmantella

Gullmantellaen er ein liten frosk. Den sterke fargen skal åtvare andre dyr om at han er giftig.
Blå koua

Dette er ein fugl i gaukefamilien som er heilt dekt i blåe fjær.
Solfuglasiti

Fuglen et nektar frå blomar, og kan bli aggressiv når ein rival vil ete frå same blom.
Plantar:
Madagaskarstjerne

Også kjend som «Darwins orkidé», oppkalla etter naturforskaren Charles Darwin. Blomen veks på trestammar med få blad, slik at den får mykje sol og luft.
Flammetreet

Dette spektakulære treet veks berre naturleg på Madagaskar, kor det er utryddingstruga. Men treet har vorte importert til andre varme regionar, mellom anna til Florida og Texas i USA og sørkysten av Spania.
Adansonia grandidieri

Dette er ein type baobab-tre, også kalla apebrødtre. Trea kan bli opp til tretti meter høge, og stammen kan bli over sju meter i diameter. Det lokale namnet på dette treet er reniala, som tyder «skogens mor». Treet er truga på grunn av jordbruk.