Kvifor ramlar ikkje månen ned?

Dennis Siva har skrive boka «Hvorfor ramler ikke månen ned?» som er stappfull av kule spørsmål og svar om vitskap.

FAKTA OM DENNIS SIVA:
  • Dennis Siva Lie er ein norsk programleiar og vitskapsformidlar.
  • Dennis brenn for klima, natur og vitskap. Han dukka først opp på TV-skjermen som entusiastisk programleiar for Newton i 2019.
  • Han har også vore programleiar for Gullrute-vinnaren Superkroppen (2021) og den Emmy-nominerte Ikke gjør dette mot klimaet!, begge for NRK Super.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg hugsar veldig godt då eg var yngre og spurde foreldre mina om alle dei spørsmåla som har med livet å gjera. Eg var ein nysgjerrig type. Som barn var eg framoverlent, og eg gjorde mange ting – ofte utan å tenka over konsekvensane. Eg utforska alt eg kunne og klarte ikkje å sitja i ro.

Boka Dennis har skrive, svarar på mange av spørsmåla han sjølv leita etter svaret på.

SVAR: I boka «Hvorfor ramler ikke månen ned?» svarar Dennis på mange av spørsmåla han sjølv leita etter svaret på som barn. Foto: Cappelen Damm

– Eg håpar barn som les boka sit att med eit endå større ønskja om å lære endå meir. Og at alle stiller fleire spørsmål!, legg han til.

Dennis synest det er viktig at alle vågar å stille alle typar spørsmål.

Ingen dumme spørsmål

– Spørsmål gjer oss meir opplyste. Det finst ingen dumme spørsmål. Og viss du tenkjer at spørsmålet ditt er dumt, spør likevel! Det finst ikkje dumme spørsmål. Berre dumme svar, fortel han.

I boka har han eit favorittkapittel.

– Det som handlar om svarte hol synest eg er enormt spennande. Det er ikkje ei forklaring på det, samstundes kan me skjøna litt kva det er. Det er det nærmaste ein kjem magi, seier Dennis.