– Over 4000 barn drepne på Gaza

Denne veka er det ein månad sidan Hamas sitt terroråtak mot Israel, som har eskalert konflikten mellom Israel og Palestina på ny.

10 818 palestinarar og om lag 1 200 israelarar har blitt drepne den siste månaden, ifølgje FN, som har henta tal frå palestinske og israelske styresmakter.

Av dei drepne palestinarane er 4 412 barn, som utgjer 40 prosent av dei rapporterte dødsfalla.

Torsdag kunngjorde det israelske forsvaret at dei hadde rykt inn i Gaza by, som er den største byen på Gazastripa, der Hamas sine viktigaste operasjonar held til. Same dag varsla USA at IDF skal ta humanitære pausar dagleg.

Desse pausane skal vara i fire timar og vil gjera det mogeleg å sleppa inn humanitær hjelp som helse, mat og annan naudsynt bistand.

Diplomatar jobbar no for å få i stand ei våpenkvile frå israelsk side, i bytte mot utlevering av gissel som Hamas har teke til fange.

LES OGSÅ: Kva bør du vita om krigen i Gaza og Israel?