For litt over eitt år sidan, 21. september 2022, vart amerikanske Frank Rubio og russiske Sergey Prokopyev og Dmitri Petelin skotne opp i verdsrommet til den internasjonale romstasjonen. Eigentleg skulle dei kome tilbake i mars i år, men på grunn av ein lekkasje på det originale romskipet vart tilbakekomsten utsett, og dei måtte bruke eit anna romskip.
No er heile mannskapet tilbake, etter å ha landa i Kasakhstan 27. september.
Med sine 371 dagar er Frank Rubio den amerikanaren som har vore lengst i verdsrommet. Han har likevel litt att til verdsrekorden til den russiske kosmonauten Valery Polyakov, som i 1994 og 1995 låg i bane rundt jorda i 437 dagar.
Undersøker effekten av å vere lenge i verdsrommet
Sjølv om oppdraget til amerikanaren varte lenger enn planlagt, kan det bli verdifullt for forskarar å undersøke korleis det går med Rubio. Det er ikkje mange som er lenge i verdsrommet, og difor er det interessant å vite kva effektane av slike oppdrag er.
Men før det har Rubio eit klart svar på kva han skal gjere, no når han er tilbake på jorda:
– Det å gi kona mi og ungane mine ein klem er noko av det viktigaste, og det er nok det eg kjem til å fokusere på dei neste dagane, sa han på ein pressekonferanse.
Denne saka vart først publisert på Framtida.no, som er søsteravisa til Framtida Junior.