Mustafa (13) diggar BUA

Mustafa er glad BUA finst. Det var det som gjorde at han oppdaga kor gøy skateboard er.

– Eg brukar BUA viss klassen skal på sykkeltur, eller om eg skal på overnattingsturar med skulen, eller på båttur eller hyttetur med vener. Ja, og viss eg vil i skateparken og ikkje har med mitt eige breitt, låner eg triksesykkel i den sjølvbetente BUA, fortel Mustafa.

Stord BUA har nemleg også eit splitter nytt lokale ved skateparken der ein sjølv kan låsa seg inn via ein app. 

– Der kan du låna brett, triksesyklar, hjelmar og vern, fortel han. 

Artikkelen held fram under bildet.

APP: I den splitter nye sjølvbetente BUA må ein ha to appar for å komma inn. – Eg opnar døra gjennom appen med ein scannar som les ein QR-kode, fortel Mustafa.
Foto: Janne Nerheim

Testa brett

Mustafa synest det er fint at alle kan få tak i fritidsutstyr uavhengig av familien sin økonomi.

– BUA gjer at ein får testa ut mange aktivitetar. Første gongen eg testa skateboard var på eit BUA-brett på skulen. Det var kjekt og eg fekk tilbakemelding på at eg var god på det. Det førte til at eg skatar framleis og brukar mykje tid i parken med vener, fortel han. 

Sender elevar til BUA

Mustafa sin mamma, Susan Abdallah, er lærar på ungdomsskulen og leiar for Norsk Folkehjelp Sunnhordland. 

– Eg sender ofte elevar til BUA. Det er praktisk og lett tilgjengeleg. Det er dyrt å eiga alt av utstyr til alle slags aktivitetar. Eg likar at me kan bruka pengar på andre ting.

LÆRAR: Mustafa sin mamma, Susan Abdallah, sender ofte elevar til BUA. Foto: Janne Nerheim

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.