BBC skriv om det som blir kalla for «badehandkleopprøret» i Hellas. I september har lokalbefolkninga fleire stader demonstrert mot at det er stadig færre strender dei kan gå på utan å måtte betale for det.
I den greske grunnlova står det at strendene høyrer til folket. Men fleire strender er fylte med solsenger og parasollar du berre kan bruke viss du betaler for det.
Dei som har råd til å betale, er ofte turistar som er på ferie. Lokalbefolkninga ønsker å bruke strendene gratis utan å måtte betale for solseng eller parasoll.
Viss demonstrantane får det som det vil, vil det bli fleire greske strender der dei kan legge seg ned på badehandkledet sitt gratis.