NASA seier dei vil utnemna ein ny forskingsdirektør som skal ha ansvar for å undersøkja ufoar, skriv NRK. Amerikanske styresmakter kallar ufoar for «uidentifiserbare avvikande fenomen».
NASA-sjef Bill Nelson kom med kunngjeringa torsdag.
Det skjer etter at eit ekspertpanel har oppmoda den amerikanske romfartsetaten til å gjera ein større innsats for å skaffa informasjon om ufoar.