Dyrehage i Skottland adopterer bjørn frå Ukraina

Frå neste år av får kragebjørnen ein ny heim.

I oktober i fjor gjekk ukrainske soldatar inn i ein forlaten dyrehage i byen Yampil i Ukraina. Byen hadde vore okkupert av Russland. Dei ukrainske soldatane fann over 200 drepne dyr, skriv CNN. Men eit av dei få dyra som var i live, var ein 12 år gammal kragebjørn.

Kragebjørnen var hardt skadd. Han hadde fått ei hjernerysting etter at ei bombe hadde eksplodert nærme buret hans. Soldatane redda bjørnen og fekk han frå Ukraina til Polen og Belgia. I Belgia er han no på eit redningssenter for dyr mens han får hjelp med skadane sine.

Bjørnen Yampil har fått namn etter byen han var funnen i. Men i tillegg til eit nytt namn, har han også fått ein ny heim. Til neste år flytter han til Five Sisters Zoo i Edinburgh i Skottland.

Dyrehagen seier i ei pressemelding at dei håper dei kan gi Yampil eit godt liv i Skottland, og at han kan bli ein glad bjørn igjen.