Gjennomsnittleg har den italienske breen trekt seg tilbake med 15 meter dei siste åra, men i fjor var smeltinga heile 139 meter. Totalt har breen trekt seg tilbake med 2,7 kilometer sidan slutten av 1800-talet.
Som andre brear i alpane lid Adamello-breen av mindre snøfall om vinteren. I fjor kom det 50 prosent mindre snø enn normalt. Samtidig fører lengre og varmare somrar til kraftigare smelting.
Det var AFP som først omtala saka.